Åresong gir oss fandenivoldsk energi og poetiske melodiar med røter i folkemusikk frå Noreg, Balkan og Latin Amerika. Ei ny NORCD utgjeving i musikalsk grenseland mellom viser, jazz og folkemusikk.
Årer finst. Djupt nedi fjellet og jorda, inni kroppane våre, i gamle hus og i robåtar. Jon Fosse har skrevet songtekstar som gjev brokkar av verda, små glimt frå livet. Han skriv om vind, måne og umogelege jenter. Gabriel Fliflet har alltid likt duvande danserytmar, på ulike språk. Derfor kan du dansa til dei fleste av songane på denne CD´en: Vals, bolero og meir til…
Jon Fosse skreiv songtekstar på oppdrag frå Festspela i Bergen. Desse kom ut i bokform med tittelen Songar (Samlaget 2009). Gabriel Fliflet fekk oppdraget med å velja ut, tonesetja og laga ein musikalsk heilskap og gav det tittelen Åresong. Fliflet samla eit sterkt lag musikarar som urframførte songane i Grieghallen - til ståande ovasjonar og svært gode kritikkar. Innspelinga av musikken gjekk føre seg etter at Åresong hadde hatt framføringar fleire stader på vestlandet i løpet av 2010.
CD´en blir utgjeven i ein eksklusiv boks som inneheld utførleg informasjon om verket og alle deltakande, samt eit songhefte med tekst og notar med besifring for alle songane. NORCD veit ikkje om mange andre cd-utgjevingar der dette er gjort, og er glade for å kunne realisere idéen lansert av Gabriel Fiflet. Ei fin oppmoding til meir song og spel!
Olav Gorseth (BT) sin konsertkritikk fortel litt om kva denne utgjevinga rommar: "Gabriel Fliflet har evnen til å skape melodier som både er originale, vakre og klarer å understreke innholdet i teksten. (...) flere av dem har potensial til å bli nye ”nasjonalsanger (... )".
Gabriel Fliflet - trekkspel, piano, song
Per Jørgensen - trompet, song
Benedicte Maurseth - hardingfele, song
Stein Urheim - el-gitarar, song
Kristoffer Chelsom Vogt - kontrabass, song
Send din bestilling til bestilling@fib.no
Pris kr. 180,-
Frakt kommer i tillegg