Det kan se ut som du har skrudd av JavaScript i nettleseren din. Vi har pr�vd � tilpasse siden for bruk uten JavaScript, men det vil dessverre resultere i noe redusert funksjonalitet

Hopp til hovedinnhold
24. mai - 07. juni 2023

I svarte skogen inne

Teater
Neste arrangement:

​Nytt skodespel av Jon Fosse.

Ein ung mann set seg i bilen og køyrer avgarde, så langt han kjem, innover ein traktorvei, forbi nedlagte gardsbruk og mørklagde hytter, heilt til han køyrer seg fast med bilen. Så får den unge mannen det for seg at han kan gå inn i den mørke skogen for å finna hjelp. 

I svarte skogen inne er eit eksistensielt spenningsdrama om einsemd, lengsel, avmakt og skam. Det er ei mektig forteljing om å gå seg vill, i skogen, som i livet. For som den unge mannen seier: «Eg finn aldri fram til noko. Ikkje til bilar, ikkje til folk» 

I svarte skogen inne blir sett opp av regissør Miriam Prestøy Lie. Saman med scenograf Dagny Drage Kleiva og lysdesignar Arne Kambestad, lar ho stykket utspele seg i eit omsluttande scenerom der publikum sjølv vert ein del av scenografien. Komponist Sjur Miljeteig framfører sjølv musikken frå scenen.  

Jon Fosse er ein av dei største nolevande dramatikarane og har skrive over 30 teaterstykke. Han kjem frå Strandebarm i Hardanger, og sjølv om mange kjenner igjen det typiske vestnorske i hans verk, så skriv han om store universelle tema som menneskelege relasjonar og om liv og død, som folk i alle verdsdelar kan relatere seg til. I dag blir teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda. 

Visuelt uttrykk/plakat: Nikolai Torgersen

Informasjon

I svarte skogen inne inne har urpremiere 11. mai på Det Vestnorske Teateret. I september vert stykket spelt under Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret.


Arena

Varighet

​1 t 30 min

Billetter

Ordinær: 440
Honnør: 390
Under 30 år/student: 200
FiB Fordel: 308
BT Fordel: 380
Gruppe 10+: 340

Kjøp billett

Medvirkende

    • Miriam Prestøy Lie regi
    • Dagny Drage Kleiva scenografi, kostymedesign
    • Arne Kambestad lysdesign
    • Sjur Miljeteig musikk
    • Karl Vidar Lende den unge mannen
    • Reidun Melvær Berge den unge kvinna 
    • Arnhild Litlere den eldre kvinna  
    • Svein Roger Karlsen den eldre mannen
    • Sjur Miljeteig musiker

Produsert av

Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i samarbeid med Festspillene i Bergen

Samtale

Koblet til chatbot
Hei! Ingen festspillansatte er tilgjengelige, men kanskje jeg kan hjelpe?
Hei! Jeg er Festspillenes chatbot. Hva kan jeg hjelpe deg med?

Hei! Kan vi hjelpe deg med noe?

Takk for praten!