

Platons drikkegilde
Samtalar om kjærleik
Du veit den festen alle snakkar om?
No får du høve til å vera med på ein kveld heilt utanom det vanlege, der vi med utgangspunkt i Platons idear kastar lys over kjærleikens mysterium og heidrar Eros med song og musikk.
«Platons symposium», eller «Drikkegildet i Athen», er eitt av Platons mest kjende verk der han skildrar ein sagnomsust fest han sjølv ikkje var med på. På festen inviterte dramatikeren Agathon gjestane sine til å halde kvar sin tale om kjærleik, og spesielt talen til Sokrates har fått mykje merksemd i ettertid. Sokrates viser til den kloke Diotima, kvinna som lærte han å forstå kjærleikens kraft.
I denne forteljinga er Platon bartender, Diotima nattklubbsongerinne og Sokrates stamkunden i baren. Annlaug Børsheim har rolla som orakelet Diotima. Ho har valt ut ei rekke kjærleikssongar som ho presenterer på sin måte og akkompagnerer med fele og gitar. På same måte som Agathon inviterer vi ulike menneske til å halde kvar sin tale om kjærleik. Gjestane er lokale folk som har ordet i si makt. Skodespelar og scenekunstnar Vibeke Flesland Havre har rolla som Platon. Ho introduserer talarane, leier samtalen og saman med Harald Ottesen Nødtvedt som Sokrates og Annlaug Børsheim som Diotima, fortel ho om det berømte drikkegildet i Athen.
Informasjon
Arena
Varighet
1 t 45 min
Billetter
Ordinær: 310
Honnør: 279
Under 30 år: 190
FiB Fordel t.o.m. 13. april: 217
FiB Fordel f.o.m. 14. april: 248
BT Fordel: 232
Kjøp billett
Språk
Framførast på norsk
Medvirkende
- Vibeke Flesland Havre manus, regi
- Ingrid Morken idé
- Annlaug Børsheim musikk
- Julie S. Jensen kostymer, visuell idé
- Silje Grimstad lysdesign
- Mari Watn plakatdesign
- Vibeke Flesland Havre, Annlaug Børsheim, Harald Ottesen Nødtvedt medverkande