Telavågtragedien -

Telavågtragedien

Type forestilling: 
Musikk
Sted: 
Håkonshallen, Håkonshallen
Varighet: 
Ca. 45 min

Kommende forestillinger

Billettpriser

  • Ordinær

    NOK 480/530
  • Under 30 år

    NOK 200
  • Honnør

    NOK 432/477
  • BT Fordel

    NOK 360/397

​Eit nytt musikkverk om terroren i øygapet.

Våren 1942 utslettar tyskarane fiskeværet Telavåg i Øygarden utanfor Bergen i ein brutal hemnaksjon. Dei sprengjer eller brenn dei 300 husa, senkar alle båtar, og tømmer bygda for folk. Mennene forsvinn i arrest og konsentrasjonsleir, medan barn, kvinner og gamle er internert på Framnes. Hendingane er blitt kalla den største terroraksjonen på norsk jord før 22. juli.  

Dette er det dramatiske bakteppet for musikkverket Telavågtragedien, som er skrive til Sjøforsvarets musikkorps og blir urframført under årets festspel. Verket er ei forteljing om enkeltmennesket sine opplevingar, ein klagesong om frykt, redsle og grufull liding frå vår nære historie. Gjennom utvalde augeblikk og episodar fortel musikken om den dramatiske konflikten menneska frå Telavåg hamnar i og dei umogelege vala dei må ta. 

Håkon Berge har komponert musikken, samt skrive den nynorske librettoen i samarbeid med Lars Berge. Sjøforsvarets musikkorps vil saman med Edvard Grieg Vokalensemble og heile seks solistar gje kropp og stemme til ei musikalsk framstilling av ei av dei mest gripande og umenneskelege forteljingane frå andre verdskrig i Noreg.  

Telavågtragedien er det andre verket i Sjøforsvarets musikkorps sin trilogi om hendingar langs kysten i forsvaret av Noreg. Det fyrste verket var Slaget på Vågen av Håkon Berge og Cecilie Løveid, urframført i 2017.

De brente våre gårder

De drepte våre menn

La våre hjerter hamre

Det om og om igjen.

- INGER HAGERUP

Bildet: Plyndringen av Telavåg, 3. mai 1942 (foto: Aud Johannesen)

Hør podcast

Komponist Håkon Berge forteller om verket Telavågtragedien og sitt arbeid som komponist. Hør Museum Vest-podden her.

Språk

Framførast på nynorsk

Medvirkende

  • Sjøforsvarets musikkorps

  • Ingar Bergby dirigent

  • Tora Augestad mezzosopran

  • Thorbjørn Gulbrandsøy tenor

  • Julie Berg mezzosopran

  • Jonas Onarheim baryton

  • Evan Roer Bakken tenor

  • Julius Jetne Edelmann tenor

  • Edvard Grieg Vokalensemble kor 

  • Håkon Berge, Tora Augestad regi

  • Lars Berge, Kate Augestad, Det Vestnorske Teater kostymer

  • Nora Holstad oversettelse

Et samarbeid mellom

​Festspillene i Bergen og Sjøforsvarets musikkorps

Verksliste

Håkon Berge (1954–)​
Telavågtragedien
Tekst: Lars Berge, Håkon Berge
Urframføring

Støttet av

Sparebankstiftelsen DNB – Dextra Musica

Sjøforsvarets musikkorps. Foto: Sjur Christian Pollen
Sjøforsvarets musikkorps. Foto: Sjur Christian Pollen