Hallgrim Hansegård trekker paralleller mellom lausdans, isbreer og science fiction under årets festspill.
Danseren fra Valdres, som er blitt folkeeie gjennom tv-opptredener i Norske Talenter og Melodi Grand Prix og turnering over hele Europa, kommer til Bergen med to forestillinger: Snuff Grinders, som kombinerer halling, capoeira og breakdance, og urpremieren på soloforestillingen JAMSÍIS, som foregår på en isbre.
Lykke på isbreen – JAMSÍIS er ei tverrdisiplinær danseforestilling der eg får bruke folkedansbakgrunnen min til å uttrykke det eg vil, så moderne eg vil, i samspel med lydkunstnaren Terje Isungset og nyprogrammert videoteknologi, forklarer danseren.
Forestillingen er klart forankret i Hansegårds egen bakgrunn. Ordet «jamsíis» er valdresdialekt og betyr «jevnsides» eller «parallelt».
– Det parallelle er noko som ikkje tangerer, men som ein kan spegle seg i. I JAMSÍIS møter vi parallelle handlingar i fleire lag. Samstundes med at hovudpersonen finn lykka på isbreen, blir isbreens indre gjort om til eit timeglas. Som tilskodar får vi møte ei underverd av hovudpersonen sine eigne skuggar som han heller ikkje får med seg. Han mistar også kontrollen med si eiga stemme, men finn tilbake ei viss styring gjennom dansen. Som dansar lyt eg jobbe jevnsides nyteknologien i forestillinga, og vi lyt begge forhalde oss til kvarandre.
Snødde bortHansegård har jobbet med JAMSÍIS i flere år. Både skader og snø har bremset prosjektet, men FRIKAR-sjefen ser det også som positivt at han har kunnet arbeide med forestillingen over lang tid.
– Fridomen med å gjera ei soloforestilling er at ein kan jobbe ubegrensa utan å måtte løne seg sjølv. Eg har difor hatt moglegheiten til å modnast med prosjektet gjennom tre år. Tallause gonger har eg prøvd å filme sekvensar til forestillinga på ein isbre i Jotunheimen 2000 meter over havet, men som regel snøga bort. I fjor skadde eg kneet før eg fekk filma, og eg visste ikkje om eg kunne danse att. Å kunne framføre JAMSÍIS under Festspillene er difor ein etterlengta draum.
Science fictionRegien på stykket har Hansegård selv, men koreografien står ballettkoreograf Sølvi Edvardsen for. Sistnevnte er kjent for å «lure» fysikkens lover, men har her fått en ny fysikk å jobbe med, ettersom Hansegård har sin hovedbakgrunn i folkedans.
– Det at ein annan koreograferer ei forestilling som er så personeleg er nytt for meg, men som presser begge to ut på den kreative glattisen, sier Hallgrim.
Også hovedpersonen i science fiction-forestillingen er ute på glattisen, både faktisk og i overført betydning. Han er en av de få overlevende etter en grusom naturkatastrofe, og leter etter lykken på en øde isbre.
– Både isen i breane og lausdansen er eit par tusen år gamle, men har blitt utfordra av den industrielle revolusjonen og urbaniseringa. Likevel har dei kome i folks bevisstheit dei siste åra, og er ypperlege ingrediensar i ein science fiction. Breane er jo sjølve nedtellingsknappen vår, og eg er difor veldig glad for at Terje «Iceman» Isungset er med på forestillinga.
I JAMSÍIS mister hovedpersonen kontakten med sin egen stemme, og finner igjen kontrollen gjennom bevegelsene sine. Med spesiallaget sensorteknologi på kroppen får han en viss kontroll med naturkreftene, og kan sende vinden rundt publikum med dansen sin. Vanskeligere er det å unngå at hans egen plattform smelter bort. Skrekkblandet frydTema for årets festspill er «skrekkblandet fryd». For Hansegård representerer disse ordene en vanlig dag på jobben.
– I uttrykket skrekkblanda fryd ligg det ei refleksstarta kjensle. Dette er kjensler vi ikkje kan motivere fram med eit litterært utgangspunkt, men som blir trigga av eigne eller andres bevegelsar. Det er desse kjenslene som står sentralt i FRIKAR dance company sitt arbeide. Når vi ynskjer å formidle skrekk frå scenen, lyt vi vera skrekkslagne sjølv. I FRIKAR latar vi ikkje som.