Fosses Morgon og kveld til Festspillene

  • Hjem
  • Festival
  • 2020-og-tidligere
  • Artikler
  • Fosses Morgon Og Kveld Til Festspillene
07. mai 2020

Det Vestnorske Teateret skulle eigentleg ha turnert med «Morgon og kveld» i naust og båthus i vår. No får vi staden høve til å invitere dykk med på Johannes si reise, filma frå Fosse sin eigen vestkyst der orda og naturen er så tett bundne saman.

Framsyninga presentast som gratis, digitalt teater i samarbeid med Det Vestnorske Teater og Festspillene i Bergen.

Jon Fosse sin vesle, store roman «Morgon og kveld» skildrar to dagar i fiskaren Johannes sitt liv.

Den dagen han vart fødd og den dagen han skal døy. Mellom spora etter eit arbeidsamt liv ved kysten, mellom minner og erfaring, rører Johannes seg gjennom landskapet han kjenner så godt og inn i den ukjente døden. Bestevenen Peter tek Johannes med på den siste ferda og frå gavlbåten hans tek dei farvel med det jordiske og forsøker å møte det ufattelege inkje.

Skodespelar Stig Amdam formidlar både litterære og menneskelege kvaliteter i teksten på ypperleg vis i denne framsyninga. Å sjå den utspele seg i ei ramme som tek inn det landskapet som er så avgjerande i Jon Fosse si skrift tilfører ein dimensjon som verkeleg opnar forteljinga opp.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Vil du motta nyhetsbrev?